Charmåni - hyttemodell for framtida

Charmåniet på Heimre Kvendhusbakken står tomt 4 klar med grunnmur og ventar på dei rette folka. Her ligg det ein særs god moglegheit for eit par som vil gjere eit godt kjøp, i bytte mot at me kan bruke hytta til nokre visningar etter avtale.

Dei siste åra har me sett ein aukande trend med Chalet-inspirerte hytter i populære hytteområde. Disse hyttene hentar inspirasjon frå alpestilen, men har også røter i norsk byggjeskikk, noko som gir openberre likskapar mellom historiske trebygningar i Alpane og i Noreg.

Me i Sinneshyttå har lenge hatt eit ynskje om å skapa vår eigen versjon av denne byggjestilen, som me trur vil appellera til mange. Ofte ser me at såkalla Chalet eigentleg berre er vanlege hytter med større glasflater i front, men me ynskjer å ta dette eit steg vidare ved å dra vekslar på den opphavelege alpestilen og samtidig bevara klassiske detaljar og uttrykk som står seg over tid.

For å realisera dette har me samarbeidd med arkitekt Camilla Fasting frå Sjo-Fasting arkitektkontor. Resultatet er ein fleksibel modell som kan tilpassast ulike terreng, med moglegheit for inngang nede, oppe eller på sida av bygget. Modellen har fire soverom med plass til dobbeltseng, ei romsleg TV-stove, og skistall med moglegheit for ekstra skistall utvendig.

Her kan du realisere hyttedrømmen uten et eneste flyttelass! For mer informasjon og avtale om visning, ring Tor Sigve på 977 29 183!

Hyttefelt: Heimre Kvednhusbakken

Hyttemodell: Charmåni

BRA: 147,3 m²

Soverom: 4

Plantegning

Om Heimre Kvednhusbakken

Heimre Kvednhusbakken ligg særs sentralt på Sinnes, med kort gåavstand til Sirdal Skisenter, Sinnes Fjellstue og GP-en. Området byr på svært sentrale og solrike utsiktstomter med ski inn/ski ut til Ålsheia skisenter. Hyttene får flott utsikt mot både Sinnesvatnet og Ålsheia, med skiløyper og sykkelstiar i umiddelbar nærleik.

For deg som ønskjer å realisere draumehytta, er dette blant dei mest attraktive og sentralt plasserte tomtene ein kan få tak i på Sinnes. Her får du vid og vakker utsikt over Sinnesvatnet, Ålsheia og den opne horisonten.

Fasiliteter

Solforhold: Helt topp

Utsikt: Helt topp

Langrennsløyper: Umiddelbar nærhet

Turterreng: Umiddelbar nærhet

Alpintanlegg: Umiddelbar nærhet

Matbutikk: GP – 1 km